print logo

Digitalisering av leksikon for Norsk Ordbok 2014

Norsk Ordbok 2014 har sidan hausten 2009 samarbeidd med verksemda DigForsk AS om digitalisering av eit nynorsk leksikon.

Bakgrunnen for at me tok kontakt med DigForsk, var at me hadde behov for hjelp til digitalisering av deler av leksikonet Norsk Allkunnebok. Dette er eit nynorsk leksikon i 10 band, og verket blei gjeve ut av Fonna forlag i perioden 1948 til 1966.

Norsk Ordbok 2014

Allkunneboka inngår i bakgrunnsmaterialet til Norsk Ordbok, som er ei dokumentasjonsordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Ordboka blir laga av prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo, og verket skal vera ferdig i 12 band til 200-årsjubileet for den norske Grunnlova i 2014. I løpet av dei seinaste 20 åra har svært mykje av kjeldematerialet til ordboka blitt digitalisert, og me arbeider stadig med å gjera endå meir materiale digitalt tilgjengeleg for redaksjonen.

Arbeidet ved DigForsk Bø

Arbeidet me har fått DigForsk Bø til å utføra, har gått ut på å skanna inn, OCR-lesa og korrekturlesa band 8 og 9 av Allkunneboka. Vidare har gruppa i Bø sett på taggar på tekstane, slik at dei er gjorde klare til innlemming i det digitale underlagsmaterialet til Norsk Ordbok.

Me er sværd nøgde med arbeidet DigForsk Bø har gjort for oss medan me har samarbeidd med dei. Gruppa var rask å læra opp, tekstleveransane har komme attende til oss til avtalt tid, og kvaliteten på arbeidet høg. Me har hatt eit godt samarbeid med DigForsk gjennom den perioden dei har digitalisert materiale for oss.

Av Åse Wetås ved Norsk Ordbok 2014
Publisert 7. juli 2010 15:15 - Sist endret 17. apr. 2013 15:30